Det føreligg plan for tømmeruttak i område Halsatoppen – Kleivadalen – Ospelunden. Seks grunneigarar går saman om prosjektet. Det er snakk uttak av om lag 5000 kubikk, både til skur og til slip. Avtalen er gjort med Nortømmer. Lokal entreprenør er Hjelmeland Hogst og service frå Omvikdalen. Arbeidet er tenkt gjennomført i den turraste tida, før eller etter sommarferien.

Magne Huglen er ein av grunneigarane. Han er leiar i gruppa og har vore i fleire møte med entreprenør og grunneigarane. Skogen er hogstmogen og alle er interesserte å få brukt denne ressursen i ei tid då prisen er god. Markedssituasjonen gjer at det er etterspurnad ute i Europa både til bygg og til cellulose.

Mykje vind dei siste åra har ført til ein del skogfelling i lia frå Halsatoppen til grensa mot Rød. Alle bruka med skog i denne omgang ligg på Dønhaug ( 122 ) og Myklebust ( 123 ). Ein grunniegar har reservert seg og er ikkje med på tiltaket. Det er rekna ein snittpris for alle kvalitetane på rundt rekna kr. 420,- pr. kubikk. Prisen til grunneigar er kr. 210,- pr. kubikk. Det er oppgjer ut frå kvantum. Markedsprisen kan variera noko. Dessutan vert det sett av nokre prosent til eit skogfond og til skjøtsel og vegetasjonspleie.

I Kleivadalssvingen ser vi opp i deler av skogsfeltet.

Det er ikkje rekna med at ein treng skogsveg i lende. Ein vil halda seg til traseen der den gamle Rødsvegen går. Det vert laga velteplass. Uttransporten går gjennom bustadfeltet i Ospleunden, noko som grunneigarane har avtale med utbyggjar om. Evt. skade og sår i lende vert jevna til.

Utskipinga går via Børnes Tømmerkai til oppkjøpar i Tyskland. Noko av tømmeret vil gå til Granvin Bruk. Slip går til Skogn i Trøndelag. Nortømmer er eit omsetningsfima etablert i 1998 og er eit dotterselskap av Norskog frå 1950. Nortømmer har ein årleg produksjon på om lag 1,7 million kubikk. Regionsleiar/ virkeskjøper er Jens Manger.

I samtale med uskedalen.no fortel Jens Manger i Nortømmer at firma er klar for å ta andre hogstoppdrag i Uskedalen, saman med Åsmund Hjelmeland i Hjelmeland Hogst. Interesserte kan kontakta Manger på telefon: 480 52 228.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal