Morten Nygård si siste bok, Kvil i fred – små og store soger frå kyrkjegadane i Kvinnherad, set oss på sporet og vi vil finna meir ut om Anton Espeland og samlarferda hans i 1920 åra. Espeland kom frå Onaheim på Tysnes og skreiv ei rekkje lokalhistoriske artiklar i ulike tidsskrift og årbøker. I boka Segn og Soge finn vi segna som fortel korleis Skorpo, Snilstveitøy, Kalvsund og Mjødasund vart til. Før du les segna må du vita at ei segn gjev seg ut for å vera sann, motsett eit eventyr. Eit eventyr er eit eventyr.

” Den tid Heilag-Olav for kring landet og kristna folket og bygde kyrkjor, var det ei gygr som vilde stengja Hardangerfjorden for han. Ho tok ei stor øy utmed havet og flota med seg inn til Kvinnheradsfjorden. Der slitna øyi av på tvo stader, der no Kalvsund og Mjødnasund er. Med det same rauk gygri attlengs burt i Nes-lidi, og der syner enno sætet etter henne i berget.

Daa vart ho sint og tok utetter høgaste øyi og skulde sjå kva som var tess. Ho skyna då at alt hennar stræv var til fånyttes, og i sinne skreidde ho seg ned over Skorpegavelen og hoppa tvers over Storsund, millom Skorpo og Uskedalen.., og opp på Bergsheiane. Der tok ho ein stor stein og grytte han burtetter Skorpefjelli, og her kann ein sjaa han den dag i dag”

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal