Unormalt mange sauer har kome heim frå fjellbeita i Uskedalen i år. I løpet av siste veka har det komme heim tildels store flokkar både frå Eikedalen, Ulvanåso og Hauglandsfjellet. Dette er om lag ein månad tidlegare enn det som blir rekna som normalt. Kva som er den eksakte grunnen til dette, er ikkje så godt å gje eit klart svar på.

Ein saueeigar uskedalen.no var i kontakt med trur at hovudgrunnen er den tørre, fine sommaren vi har hatt. Han trur at dette har ført til at beita har hausta tidlegare, og dermed har resultatet blitt at sauene har søkt heim. At dei kjem i heile flokkar både frå Ulvanåso, Eikedalen og Hauglandsfjellet, kan tyda på at han er inne på noko. Fleire andre sauebønder støttar og dette.
Når eg spør om korleis lamma ser ut, svarar fleire at dei ser ut til å ha god vekt og er i godt hold.

At sauer er allrighte dyr, er denne flotte flokken eit godt bevis på.

Elles vil vi understreka kor viktig det er at alle som går tur med hund i desse områda, held hunden i band. Det er slett ikkje alltid hundeeigaren ser sauene før hunden.
Sauebøndene håpar at turgåarar er flinke til å melda frå om dei ser sauer i fjellet. Dette gjeld særleg etter sankinga, eller viss dei ser lam som går åleine.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland