Lembinga er i full gang og store og smindre fjøs. Villsauene var fyrst ute og på øvre Fet finn vi sauer og lam ute på beite og i dei gamle tuftene etter jord- og potetkjellar på bruket. Det er Kåre Johan Myklebust med sønene sine som eig og driftar garden i dag. Beite, som vi ser på bilete, er rydda for skog og kratt fram kjem murane der nokre av uthusa stod. Stabburet, våningshuset ( ca. 1860 ) og løa ( 1900 ) er tekne vare på og er i delvis bruk. Bruk 2 på øvre Fet var leiglendingsbruk under Baroniet fram til attendekjøp på 1930 talet. Gudmund Feet saman med broren Olav dreiv bruket frå 1939 fram til han døydde og nye eigarar kom til.

Sau på beite er ein viktig for å halda kulturlandskapet i hevd, slik vi ser på øvre Fet.




Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal