Sander Enes ( 15 år ) frå Ænes kom til Uskedalen i går for å vera med på rydde- og slåttedugnad på Stemneplassen. Han hadde lese om dugnaden og ville ta turen til Uskedalen. Sander nytta høve til å stikka innom besteforeldra sine på Padlane på Eik. Dessutan ville han gjera seg kjend i løypetraseen. Planen er å springa Skårhaug Opp torsdag i denne veka.

Steinar Kroka hadde ikkje gløymt tida då dei slo med langorv på Kroka i Maruranger.

Med eit frammøte på 12 – 15 menn og kvinner fekk ein gjort mykje på tre timar. “Mannen med ljåen” var på plass. Det same var Ståle Eik og Steinar Kroka som begge kunne slå med langorv. Audun Eik møtte med ATV for transport av gras og kratt fram til lagrinsplassen. Åse Neset og Jofrid Eik sytte for mat og kaffi.

Etter vel tre timars arbeid nådde ein toppen, 49 m.o.h.

No er det meste på plass til motbakkeløpet Skårhaug Opp, torsdag 15. august, med påmelding ved Grano frå kl. 15.30.

Det sosiale samveret med litt mat og drikke høyrer med.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal