
Samrøystes ja til Detaljplan Aktivitetshus og park i sentrum.
Det vart eit samrøystes vedtak i kommunestyremøte sist torsdag og å seia ja til detaljregulering Aktivitetshus og park i Uskedalen sentrum. Fem represetantar frå ulike parti hadde ordet. Alle hadde postive merknader til planen.
- Ølvestveit ( SP ) sa mellom anna at prosjektet handla om meir enn klatretårn. Bruk av dette arealet tek mellom med noko om trafikk, gangveg, parkering, friområde/badestrand og andre synnergieffektar, eit verkty for vidare utvikling i Uskedalen.
- Tveit ( AP ) understreka at dette er eit bygg ulikt alt anna. Etter ein grundig planprosess er det berre å “gje fart “. Han synte til Ånddalsnes der tilsvarande prosjekt la grunnen for klatreturisme og med stor marknadsføringsverdi.
- Langeland ( Krf. ) synt til bygda Uskedalen der ein gjer jobben sjølv med planlegging og drift.
- Tufta ( H ) la vekt på det store klatremiljøet og særleg all trafikken inn mot Uskedalen. På Facebook finn vi Klatring i Uskedalen med 1700 medlemer.
Samrøystes vedtak i K. styret.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Illustrasjonar frå planen