
Samlar all trelasthandel på Husnes. Held fram med byggevareutsal i Rosendal.
Lio Sag og Treforedling har samla all trelasthandel på næringsområde på Husnes. Nyopninga var på torsdag. Byggevarehandelen i Skålagato held fram som før. Her vil ein utvida varesortementet med mindre byggevarer, varer som skal vera lette å få tak i og henta. På Husnes vil kundane møta Odd H. Taranger, Rune Myklebust ( dagleg leiar ) og dotter til Rune, Kristine Heimvik.

Det var mykje folk innom på torsdag. MAKITA, leverandør av elektriske verkty, var med på opninga. Det er rekna for å vera kvalitetsprodukt, noko Rune har merka seg. Det er godt sal på produkt frå MAKITA.
Trelasthandelen på Husnes skal utviklast til eit profesjonelt anlegg. Her skal kundane oppleva å få tak i det ein treng. Slagordet er: Du ringjer – vi bringer. Rune Myklebust fortel til uskedalen.no at 14 kundar fekk varer levert på ein og same dag i veka som var. Alle som tingar varer innan kl. 12.00 på dagen, skal få leveransen på døra same dagen.
Historikken er at Rune Myklebust overtek Lio Sag i 2002. Han flyttar verksemda til Seimsfoss i 2020, før ein på nytt flyttar og samlar all trelasthandel på Husnes i 2025.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal