Mandag ettermiddag fekk G-11 fotballaget utlevert flunkande nye, flotte kampdrakter. Innkjøpet er blitt mulig etter samarbeid med og støtte frå ulike næringslivsaktørar, og det er berre første del av resultatet av denne samarbeidsavtalen som strekkjer seg over 3 år. Seinare vil alle dei andre fotballaga få akkurat like drakter. Nytt, likt og svært rimeleg treningstøy vil også visa fellesskapet for medlemmer i alle dei ulike gruppene i Uskedal idrettslag. I tillegg til det forhandla fram svært gunstige innkjøpsordningar for medlemmene hos Sport1 Husnes. Bildet over viser Per Korsvold og Gina Hella Berge-Soldal frå Uskedal idrettslag og nokre av samarbeidspartnarane frå næringslivet.

Det er Per Korsvold og Gina Hella Berge-Soldal som har vore i arbeidsgruppa som har arbeidd fram samarbeidsavtalen. Dei fortel at dei gjennom avtalen vil skapa meir felleskjensle mellom ulike lag og grupper i idrettslaget samtidig som dei vil gjera det billegare for medlemmene å vera aktive i idrettslaget. Dei understrekar at ein må ha betalt medlemskontigenten for å få rett til fordelane.
Per legg til at det er viktig å få med at alle skal ha mulighet til å vera medlem. Derfor har dei ordningar for familiar som opplever det såpass dyrt at dei vil prioritera medlemskapet vekk.
“Dei må ta kontakt med meg. Som andre lag har vi ordning for dette. Alle skal ha råd til å vera medlemmer hos oss,” understrekar han.

Framme frå venstre: Emil Haugland Bondhus, Erle Marie Korsvold, Anna Hermann Fossli, Martin Haukanes Eikeland, Per Håkon Korsvold. Bak frå venstre: Arn Huse Kristoffersen, Markus Valvatna Kristiansen, Ola Hermann Fossli, Viljar Hella Berge-Soldal, Iver Hermann Fossli, Kristoffer Lægland Enes og Mathias Haavik Tungesvik på G11 var første laget som fekk utdelt dei nye draktene. Tirsdag blir dei brukt i sesongopninga mot Solnut i bortekamp.

Tidlegare var det slik at kvart lag ordna med drakter til seg, gjerne ved hjelp av ein sponsor. No får alle fotballaga like drakter, og dei profilerer dei same sponsorane og samarbeidspartnarane. Draktene er sjølvsagt i grønt og kvitt, slik fargane i laget har vore i alle år, og det er Sport1 Husnes som har skaffa draktene medan Profilera ved Hellandsbruo har trykt logoane på dei. Vidare blir det no arbeidd med å subsidiera eit sett treningstøy som medlemene skal få kjøpt til svært billig penge. Desse blir for medlemer i alle gruppene i laget. Dermed vil aktive i ski- og fri-idrettsgruppa, fotballgruppa, turngruppa osv. kunna opptre i likt treningstøy.
I tillegg til dette er det også inngått ein god avtale med Sport1 Husnes om at medlemmene får kjøpt kle og utstyr av merka Swix og Hummel til betydeleg reduserte prisar. For å få dette avslaget må ein på førehand ha betalt medlemskontigenten i idrettslaget.

Desse tiltaka er blitt mogeleg gjennom ein samarbeidsavtale med næringslivet som går over 3 år. I tillegg til dei tre hovudsponsorane Musland Maskin AS, Spar Uskedalen og Sparebank 1 SR-bank, er det gjort samarbeidsavtalar med Kvinnherad Vekstbedrift AS, Døssland Advokatfirma AS, Hjønnevåg AS, Sport1 Husnes og Profilera. Desse avtalane gir 90-100 tusen kroner årleg i tre år. I tillegg fekk idrettslaget tildelt 90.000 kr frå Sparebankstiftinga Kvinnherad til prosjekt ” Kle skaper samhald” i vår. Det er også med i finansieringa.
Fleire av desse støttespelarane hadde høve til å vera til stades då det var draktutdeling på kunstgrasbanen onsdag.
“Vi er svært glade for at vi no er så godt i gang med dette. Vi håpar medlemmene vil setja pris på det,” seier Per Korsvoll samtidig som han understrekar at dei må ha betalt medlemskontigenten før dei kan nytta seg av dei gunstige innkjøpstilboda.
“Og så må du hugsa å få med om ordninga vi har for dei som har vanskar med å klara å betala kontigenten. Idrettslaget vil ha alle med så det er viktig at dei tar kontakt med meg”, avsluttar han.

Anna, Martin og Erle Marie var svært fornøgde med dei nye keeper-draktene.
Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland.