Eit titals bøsseberarar var i aksjon i dag med innsamling til åets TV aksjon med overskrifta Saman opnar vi dører. Innsamlinga går til Atlas – alliansen. Målet er å opna dører for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom. Saman vil vi gje naudhjelp, udanning, helsehjelp og gjera alt som skal til for eit betre liv.

Ti bøsseberarar var i aksjon i dag.

Dei ti bøsseberarane prøvde å dekka Uskedalen. Det var i minste laget, men det vart gjort så godt ein kunne. Difor kan det vera at ikkje alle fekk nokon på døra i dag. Ikkje fortvil. Det er høve til å bruka VIPPS til 2133. Aksjonskonto er 8380 08 09005.

Aurora og Håkon Guddal Tarberg var i aksjon i Korsneset, ei oppgåve dei har hatt mange gonger før.

Det var vanskeleg med å finna lokal rodeleiar i Uskedalen. Difor vart innsamlinga adminstrert av Kvinnherad Frivilligsentral.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Kristian Bringedal/ Thor Inge Døssland