Mellom 20 og 30 personar svara på uskedalen.no sitt spørsmål om kor salutten vart avfyrt. Mest alle hadde rett svar. Det var Øredalen på Skorpo. Skytebas var Andreas Haavik med Runar Myklebust som skysskar og hjelpesmann. Nøyaktig kl. 05.00 la dei ut frå båthamna med kurs mot Øredalen. Salutten var kraftig. Lyden vert forsterka ved gjenklang mellom fjella i Uskedalen.

Avreise frå båthamna kl. 05.00, på veg mot Øredalen på Skorpo for klargjering av salutten på 17. mai.

Nokre bygder har ikkje salutt, mykje fordi dei ikkje har godkjend skytebas. Andreas Haavik frå Herøysundet har alle formelle godkjenningar. Han gjer jobben i Uskedalen.

Øredalen har dei siste åra vore brukt som plassen for den velukka salutten.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Runar Myklebust