Uskedal sokneråd  inviterer til salmekveld komande måndag. Tema er omsette og gjendikta tekstar av Svein Rimestad i tillegg til det faste innslaget med salmeynskje. Dei fleste kjenner Svein Rimestad frå arbeidet han har som veterinær, men også som fast medlem i blandakoret Røysterett for Alle. Rimestad har, det vi kallar, ei god penn, omset og gjendiktar tekstar som vert brukte i kor og i mindre grupper som til dømes Rustne Menn.

På salmekvelden i Uskedalen framfører kvartetten ÆRE to av tekstane hans, Sommarsalme og Vegen til Bethlehem. Solo syng han Gå i grøne enger og Byen apostelen såg. På programmet finn vi også Heimstadens åsar ved kveld og Kongens skilling, framført av To Rustne Menn. Svein Rimestad vil fortelja om arbeidet som ligg bak ei omsetjing og ei gjendikting.

Fem personar har meldt inn salmeynskje, kjende og kjære salmar med gode minne frå oppvekst og skule. Kantor Eva Megyesi er musikalsk leiar for salmekvelden.

Gratis inngang, men høve til å gje ei gåve ved utgangen.

Tekst/foto: Pressemelding - Uskedal sokneråd
Nett: Kristian Bringedal