
Salmeskatten - ein inspirasjon til song, omsetjing og gjendikting.
40 personar møtte fram til salmekveld i Uskedalen i går, mellom anna for å bli meir kjend med Svein Rimestad som omsetjar og gjendiktar. Det starta med Kvannsanketid, ei omsetjing han gjorde for snart 20 år sidan for Røysterett for Alle. Før den tid var det mest skriving og omsetjing til privat bruk. Seinare har han omsett mange salmar og songar for kor, kvartetten ÆRE og for song og musikkgruppa Rustne Menn. Fire av innslaga på salmekvelden var omsette tekstar av Svein. I tillegg framførte han to songar solo, Eg skal gå i grøne enger og Byen apostelen såg.

Han brukte Grundtvig salmen Velkommen igjen, Guds engler små som døme på korleis ei omsetjing kan gjerast. Bakgrunnen for salmen er at julenatta 1825 sat Grundtvig oppe og dikta om Guds englar som kom med julebodskapen. Grundtvig var prest i København, var gift og hadde to småborn. Fyrste juledag las han opp salmen i kyrkja.
I utgreiinga fekk vi innsyn i arbeidet han gjer med tekstskriving, ordbruk, rytme, rim og rett tolking av ein tekst. Det kan vera frå dansk, tysk eller engelsk til god nynorsk.
Ni salmar frå ulike deler av salmeboka høyrde til bolken Salmeynskje. Fem personar fekk med dette fram kjære og kjende salmar frå oppvekst, skule og frå tema som er aktuelle i notida, slik som Tryggleik og glede, Guds nåde, bøn og forbøn og det kristne håpet.

Både Rustne Menn og Kvartetten Ære hadde redusert bemanning på salmekvelden. Dei kom likevel rimeleg godt frå oppgåva, Rustne Menn utan bassist og ÆRE utan sopran.
Uskedal sokneråd vil halda fram med salmekveldar, vår og haust.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Kristian Bringedal/Gunnalug Eik