Etter ei tid med redusert aktivitet i kyrkja er ein no tilbake til normal drift med konsertar, salme- og temakveldar og opne gudstenester. Soknerådet legg opp til salmekveld i oktober og temakveld i november. Salmekvelden med innslag av Uskedal Musikklag og kantor Eva Megyesi er fyrstkomande tysdag kl. 18.00.

Uskedal Musikklag vert med på salmekvelden og framfører musikk frå notearkivet til Frelsesarmeen.

Uskedal Musikklag framfører sine innslag i to avdelingar,- mellom anna frå repetoaret til Frelsesarmeen. Musikklaget har fått tilgang til salmar, songar og marsjar og mykje av dette er feiande og velklingande musikk alle likar å høyra og syngja til.

Kantor Eva Megyesi har vald ut tilsaman seks salmar henta frå tre tema: Hausteakkefest, dåp og nattverd. Det er eit utval av kjende og meir ukjende tekstar og tonar. Kristian Bringedal fortel kort om historikken og bakgrunnen for at desse salmane er komen med i Norsk salmebok.

Kantor Eva Megyesi har vald ut og vil spela til salmane denne kvelden.

Eva Megyesi vil framføra ein variasjon over salmen Vår Gud, han er så fast ei borg, tekst Martin Luther, omsett av Landstad og Blix.

Alle er velkomne til ei fin salmeøkt i Uskedal kyrkje, tysdag 19. oktober kl. 18.00.

Tekst/foto/nett: Kristian BBringedal