Også høve til å gje gåve.

Uskedal friluftslag har no gåande eit lotteri der heldige vinnarar kan redusera straumrekninga, og likevel sikra vintervarmen. Gevinstane er nemleg 15, 10 og 5 sekker ved. Om ikkje ein har omn i huset, så eignar veden seg og heilt supert i bålpanna! For kvar 100 lapp aukar vinnarsjansen.
Mandag frå kl.12 og nokre timar utover vil representantar frå friluftslaget sitja utanfor Spar og selja lodd. Lodda kan kjøpast både med kontantar og vipps. Overskotet av lotteriet vil gå til drift av Stemneplassen der bygget no har fått ei skikkeleg oppshining, og utområdet er meir velhalde enn på lange tider. Dersom ein ikkje treng ved, kan ein sjølvsagt også gje ei gåve til laget.
For dei som ikkje skal på Spar i morgon, nemner vi at dei kan bruka vipps 605565 eller senda til konto 3460.07.53659 og merka lodd eller gåve. På bildet over ser vi Helge Nævdal, Audun Eik og Ove Myhre frå styret i ferd med fellinga, og veden, som no er turka i sekker, er henta frå rydjing på Stemneplassen.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Kristian Bringedal