Saka om Gang- og sykkelveg er løfta fram til administrativt og politisk nivå.
Etter siste møte i Kvinnherad kommunestyre er saka om Gang- og sykkelveg til Steinsletto løfta fram til politisk nivå. Før det har Trafikksikringsgruppa i Uskedal Utvikling sendt skriv til Kommunedirektøren og sektorleiar for Samfunnsutvikling og bedd om møte. I svar lovar Anbjørn Høivik å kalla inn til avklarande drøfting med gruppa. Det er Liv Astrid Myhre som er talskvinne for Trfikksikrignsgruppa.
I Kommunestyremøte 17.02.22 møtte Kristian Bringedal som vararepresentant for Venstre. Han nytta høve til å stilla ordføraren tre grunngjevje spørsmål. Spørsmåla gjekk på status i planprosessen og kva som må til for å koma i gang med traseval, grunnforhandlingar og prosjektering. Eit av spørsmåla handla om statlege/fylkeskommunale midlar til planarbeid.
I svaret frå ordføraren vart det ikkje lova noko, anna enn at kommunen er merksam på trafikksikringsgruppa og det arbeidet dei gjer. Kommunen vil møta gruppa og vera positiv til alle argument som kjem fram.
Tekst/nett: Redaksjonen Foto: Håvard Sætrevik - Grenda