
Sætre si bok om hydrofoilane kjem til våren.
Harald Sætre si neste bok handlar om hydrofoilane og katamranane, tilsaman 30 båtar. Boka var tenkt å koma i bokhandelen før jul. No er bokprosjektet utsett til våren. På Facebook spør Sætre om du har bilete, særleg frå den fyrste tida. Les kva Harald skriv:
I over 60 år har snøggbåtane spelt ei viktig rolle i sjøvegs samband på Vestlandet. I 1960 starta Sandnæs Damp og Stavangerske Hydrofoilruten mellom Stavanger og Bergen, seinare kjend som Flaggruten. Året etter følgde HSD opp med ei hydrofoilrute mellom Sunnhordland og Bergen. Mykje har skjedd i løpet av 60 år. Det er på tide å samla historia til hydrofoilbåtane og katamaranane, frå Hydrofoilruten, Flaggruten og HSD, mellom to permar. Det dreia seg om nær 30 båtar. Eg er godt i gang med arbeidet. Tanken er at boka skal koma ut på KapAbel forlag (Otto Ersland). Bilete er viktige i boka. Vi er på jakt etter bilete av fartøya, miljøet på kaien og om bord m.m. Spesielt manglar vi bilete frå dei første åra. Har du noko liggjande, ta kontakt. harald@setre.net

Trygve Bakke frå Uskedalen var styrmann og kaptein på snøggbåtane, mellom anna på HB TEISTEN. Bakke kom til HSD som styrmann alt i 1961. Fram til han kom på hurtigbåtane var han styrmann og førar på rutebåtane og ferjer.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Kristian Bringedal/ Jorunn Bakke