Særs stor interesse for julekonkurransen.
Premievinnarane blir publisert,
Vi må nesten seia at det har vore enorm interesse for julekonkurransen som har vore her på sida i samarbeid med SPAR Uskedalen. Det viser både mengda på innleverte svar og at publiseringa av dei tre delene med oppgåver er blant dei 4 mest lesne sakene på uskedalen.no siste månaden. Berre første trekkinga på den populære adventskalendaren til skulemusikken kiler seg innimellom på tredjeplass. Sjølv om dei fleste svara kjem frå Uskedalen er svarsendingane spreidd frå heile landet, – frå Sandnes i sør, Blystadlia i aust til Hammerfest i nord. Veldig kjekt er det og at dei andre kvinnheradsbygdene er godt representert! Alle har gjort ein særs god innsats, Heile 10 har alle 64 oppgåvene rette og mange har berre nokre få feil.
Kor feila har kome har variert. For ein del har dei 2 julesongane musikklaget spela i del 2 vore vanskelege medan nokre har oversett at det var opphavsmannen, og ikkje songtittelen vi spurde etter i den aller første oppgåva.
Oppgåva med å finna mat og godsaker har gått bra for dei fleste. Dei har også funne fleire svar som må godkjennast som eg ikkje hadde i tankane då eg laga oppgåvene.
Nokre få misser poeng i bolken om Den nære fortida. Her har nok dei som har bøkene ein fordel. Vi kan slå fast at Uskedal IL aldri vann herreklassen i Strandstafetten. Derimot hadde dei nokre sigrar i seniorklassar, nemleg i dameklassen og i oldboysklassen.
I oppgåvene bokstavstokking mista nokre poeng, – hovudsakleg av små unøyaktiheter som at ein mangla ein bokstav, hadde ein for mykje eller rett og slett ein bokstav feil. Her fekk vi også ein dialektisk variant i aller siste oppgåve der svaret var sylteflesk. Svaret vi fekk var fleskesylte. I grunnen heilt greitt, men her blei det ein e formykje og dermed ikkje poeng.
Eg håpar at mange har kosa seg, trass i litt streng dommar. Det trur vi! Den gode responsen gjer at det truleg blir fleire rundar med liknande kunkurransar.
Premieringa er det SPAR Uskedalen som står for. Dei støttar godt opp om dette til liks med mange andre gode tiltak. Dei er alltid ein super samarbeidspartnar. Det er blitt trekt ut tre premiar:
1. Trekt ut bant dei 10 som hadde rett svar på alle 64 oppgåvene. Desse klarte det: Janne Fausk (Blystadlia), Åse M. Neset, Berit Lappegård/Dag Hermansen, Jofrid/Bjørgulv Eik, Jorunn Haugland, Ellen Karin/Torill/Erlend Moen, Marit Elise Haugland, Karin Tungesvik, Inger Haugland og Ingebjørg Haugland. (Eg har meg mistenkt for at eg kanskje gløymde eit namn på videoen.)
Den heldige som blei trekt ut var: Åse M. Neset
2. I tillegg hadde alle desse 5 feil eller mindre: Ninni Dorthea Åsheim, Øystein Enæs, Enny Helen Bendiksen, Nelly Kjærland, Stian Kleven Rød, Holmtungjengen v/Merethe Ljosnes Jordbrekk, Marianne V. Bendiksen, Eirik Bendiksen, Hanne Larsen/Are Ulseth, Mari Willumsen, Hilde Synnøve O. Røssland, Ellen Myklebust, Synne Eikeland, Petra Gjerde, Oddny Elise Vivelid, Anne Sigrid Totland, Brage Gjerde, Eirin R. Kjærland, Kari Bråtun, Ragnhild K. Løland, Svein Ove/Kjersti R. Bråtun, Rita Larsen, Silje Bråtun, Kenneth Løland, Leif Arne Døssland, Wenche Taranger, Margot Haugland/Karianne Kirkeli, Laila Øyjord, Marlin Inntveit, Ingrid Inntveit, Britt-Karin Inntveit, Liv/Audun Eik, Hans Reidar Kjærland/Anne Marit Myhre, Gunnlaug Eik og Juleselskap i Uskedalsvegen 354/Tor Ove Rød.
Den heldige som blei trekt ut i denne gruppa var: Øystein Enæs
3. Premie trekt ut blant alle dei flinke deltakarane som gjennomførte alle dei 3 delene. Det var sjølvsagt også nokre som hadde meir enn 5 feil. Alle skal vera stolte av innsatsen sin. Det viktigaste var å delta og å ha glede av det.
Heldig vinnar av den vart: Britt-Karin Inntveit
Dei heldige premievinnarane kan henta premiane sine på SPAR Uskedalen. Oversikt over svara kjem her på sida seinare. Vi takkar alle som har vore med til å gjera denne konkurransen så vellukka. Vi håpar at alle blir med ved neste korsveg.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland