Leit fram bilde, og ta kontakt med styret/skriftstyret

For om lag 2 veker sidan fekk Uskedal Historielag ein særs viktig pakke med posten frå Oslo. Det var døtrene til Åsta og Torvald Sunde som sende oss mange kjekke bilde frå nokre år tilbake. Bilda var frå mange ulike tilstellingar og anna i bygda vår. Pakken innheldt også ein DVD med super 8 film som far deira hadde teke opp. No er bilda skanna, og Hans Ordin Østebø har kopiert filmsnuttane slik at dette verdfulle materiale er sikra i laget sitt arkiv.

Flinke speidarjenter: Anne Bodil, Ellen Marie og Kari.

Men det stoppa ikkje med det. Laget har hatt bra med bilde frå gutespeidarane, fått mykje av Kari og Selma Eik, men det har vore mindre frå jentespeidaren. Dette retta seg mandag sist veke. Då eg kom heim, hadde Terje Arnesen levert ein pose med bilde på døra slik vi hadde avtala. Her var mykje bra bilde både frå gutespeidar og jentespeidar. Bildet over er frå denne overleveringa, og vi ser leiarane for jentespeidarane, Anna Augusta (Buster) Arnesen og Bjørg Hauge. Anne Karin Nordbø Børsheim var også leiar fram til ho flytta frå bygda.

Jonsokbrudeparet 1972, første året av mange år med jonsokbrudepar som årviss tradisjon
God gjeng på Vatnastøl. Svein Erik og Karin Sandvik, Kristian og Olav H. Bringedal, Torger Helgeland, Terje Myklebust, og så er det vel Åsta Sunde?
Dette er nok laurdagskveld. Papen, Torger Musland, er framleis i florskle, mens dottera, Anne Lise, nok er nybada og helgepynta.

På toppen av dette hadde Anne Lise M. Koløy leita fram kjekke bilde som vi fekk overlevert. No er alt skanna. Vi takkar så mykje og applauderer dei som hjelper til i arbeidet vårt.
Vi oppfordrar alle til å leita fram eldre bilde og ta kontakt med styret eller skriftstyret (93 28 82 37). Utan eit godt bildeutvalg blir bøkene våre kjedelegare. Vi er interessert i bilde innanfor eit vidt område. Eit godt bilde kan bli spore til ein god artikkel.

De finn langt fleire bilde på facebooksida til Uskedal Historielag som har 865 følgjarar. Der er det også annan informasjon.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland.
Foto: Tusen takk til gjevarane!