Nydeleg intimkonsert med Hilde Selvikvåg på Bøkkeren.

At det sure “haustveret” resulterte i at den tillyste hagekonserten på Rødtunet måtte flyttast til Bøkkerverkstaden, gjorde slett ikkje at publikum gjekk skuffa heim. Tvert imot! Resultatet vart noko av det vakraste vi kan oppleva av intimkonsertar. Kanskje den aller vakraste for mange?
Og no kan vi forhåpentlegvis håpe på, og glede oss til, ein nydeleg konsert i heilt andre rammer i den vakre hagen på Rødtunet. Eg trur alle som var der håpar på det!

Det var vakkert pynta med hagens vekstar. Oppe ved hovudvegen blei vi møtt av dette.
Publikum blei mottekne med bålkaffi, hylleblomstsaft og rabarbramuffins.
Konserten er i gang!

Hagekonsertane med Hilde Selvikvåg er eit positivt resultat av pandemien. Det skulle vera få folk samla, og helst utandørs. Då Hilde Selvikvåg fekk idèen til konseptet, sende ho ut spørsmål om nokon kunne tenkja seg å arrangera det på sosiale medium. Resultatet blei heile 33 hagekonsertar allereie i 2021. Sidan har det gått slag i slag, og no her ho ute på turnè saman meg mannen sin, lydteknikar Eirik Stakkeland.

Alt før artisten dansa seg roleg fram til “scenen” medan ho framførte stillferdige “Dansa te månen” til eige gitarakkompanement, hadde vertskapet skapt den gode stemninga. Dei hadde servert skikkeleg bålkaffi, nydeleg hylleblomstsaft og rabarbramuffins.

Hilde Selvikvåg er ein særs dyktig og ekte musikar.

Hilde Selvikvåg var særdeles flink til å binda songane med dei gode tekstane saman. Vi fekk innføring i både slektskap og oppvekst på Jærens einaste fjelltopp, Lyefjell, som er eit byggjefelt. Det gav eit godt fundament som var viktig når ho introduserte dei ulike nummera. Klassikaren “Anemone” er impirert frå opplevingar med leik med sjøanemoner i hytteparadiset deira i Selvikvåg i barndommen. Som anemonene opnar vi oss og blomstrar når vi er i trygge omgivelsar og trygt miljø, men vi kan lukka oss og trekkja oss tilbake når rammene blir nye og annleis. I “Mine store” viser ho til takksemd for dei som har gitt henne den trygge og gode oppveksten. Det gjer at ho vil gje tilbake som vaksen, og når dei blir eldre. Måten ho batt det saman på, var med å understreka innhaldet i dei særs gode tekstane hennar. Det var så ekte det ho framførte der ho veksla mellom gitar og keyboard i framføringane. Det gav ei svært interessann reise frå første til siste tone. På eit par av nummera inviterte ho publikum til å syngja med, og dei kvitterte godt.

Dagens blom. På kvar hagekonsert har Hilde Selvikvåg med ein blom frå hagen der for å læra om nye blomar, som ho sa det. Her er mange fine frå hagen på Rød.

Etter siste ordinære nummer, og høglytt trampeklapp på Bøkkerverkstaden, fekk publikum ekstranummer. Til det blei både ektemann og lydteknikaren, Eirik Stakkeland, og toradaren hennar henta fram. Vi fekk vita at Eirik, i tillegg til å vera glad i traktorar, og spesielt gule og grøne John Deerar, var utdanna klassisk pianist. Livet med toradaren starta då Hilde var berre 10 år då ho, som einaste barn, blei med i Jærbelgen. Der likte ho seg godt, særleg kaffipausane som hadde mykje godt for små barnemagar, som ho beskreiv det. Ekstranummeret var nye “Lykkeland” som er inspirert av gode og årvisse ferieminner frå vesle Hakadal, hos besteforeldra på morsida. Ein plass dei besøkte ofte før, men ikkje så ofte no når dei er borte. Men minnene er mange og gode.

Hilde henta fram både ektemannen og toradaren til ekstranummeret “Lykkeland”.

Då den fullsette salen tømdest av svært fornøgde publikummarar, var det nok mange som hadde bestemt seg for å oppleva Hilde Selvikvåg igjen. Håpet om at det blir ein hagekonsert på Rødtunet i strålande ver fulgte nok med mange heim. På vegen ut var også mange innom den vesle “butikken” i kroken ved utgangsdøra. Underteikna var så begeistra at han kjøpte seg ny nattkjole med påskrifta “Dansa te månen”.

I det vesle butikkhjørnet sitt hadde ho kjekke ting som pysjamasar, badehandkle og hagehanskar i tillegg til platene hennar både som CD og LP.

Tusen takk til Siv, Atle, Anna og dei flinke venninnene hennar som gav oss denne flotte stunda i Uskedalen!!

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Atle Thoresen, Siv Framnes og Thor Inge Døssland