Det skal ikkje alltid så mykje til for at sentrum og nærområde langs Fylkesvegen er rydda og tek seg fint ut. Roser og ein strøken plen er ofte det som skal til. Det er særleg synleg ved Gamleskulen og i Båthamna, men også på Brekketoppen og i blomebeddet ved busslomma. Hagetunet er strøken. Nyslegne bakkar er alltid fint å sjå på. Kantslåtten er viktig. Om ikkje er det fort høymål og anna ugras. Ved gjennomkøyring i Uskedalen har mange merka seg blomeprakten til Gunnbjørg og Magne Eik på nedsida av vegen ved Eikelandet Brygge. Tiltaket bør skrivast om i eige innlegg på uskedalen.no. Kreativ planting i ulike installasjonar gjer at område er eit praktfullt syn. Så vil det alltid vera noko som dreg ned, men heilskapen i Uskedalen er god.

Roser og nyslegen plen kan vera det som skal til.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal