I går vart det rydda på Den gamle skuleplassen. Bord, benker og blomekrukker er flytta frå Infotavla til ny plassering langs veggen på Gamleskulen. Magne Huglen gjorde jobben med gaffeltruck og Kristian Bringedal hjelpte til. I dag er rosebeddet spadd opp og reinska for torv og ugras. Nokre strattar av roser er gravne opp og kasta. Den meir enn 20 år gamle infotavla har hatt betre dagar. Treverket rotnar og konstruksjonen er sjaber. Tavla vart i si tid konstruert og bygd av trekunstnaren Ove Stokka. Infopunktet var i byrjinga ein attraksjon. No er tenstetida ute og det vil pynta opp område om den vert demontert. Plassen er klar for ny asfalt. Oppdatering: Infotavla vart demontert og fjerna torsdag 23. juni

Bord og benker har fått ei ny plassering langs veggen på Gamleskulen.

Rosebeddet og plenen ved Gamleskulen er på stell.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal