Uskedal Bondelag med sine medlemer var engasjert i den store vårdugnaden med i rydda plast i denne veka. Ryddinga var i nærområde, langs fylkes- og kommunevegen og ikkje minst på elvekanten. Målet må vera at Uskedalselva, som ei av dei beste aure- og lakseelvane, også må vera ei av dei reinaste i landet utan søppel.

Uskedal Bondelag skal få ros for tiltaket med å rydda søppel, bos og ikkje minst rundballeplast. Det er ofte krevjande å plukka plasten som ligg vanskeleg til, ofte under steinar og under vatn. På dugnaden torsdag vart det til og med brukt dykkar for å henta opp plast på elvebotnen.

Rundballeplast er det mest av, særleg på foringsplassane.

Lars Haugland, leiar i Uskedal Bondelag fortel til uskedalen.no at det tilsaman vart plukka og levert 30 sekker på SIM. 20 personar var med og det vart som sagt plukka i sentrum, langs elva og på elveborga. Ein rakk ikkje over alt. Det står att å plukka på strekninga Pålavegen – Muslandsvegen. Det same gjeld frå Heio og nedover på Døssland.





Knut Olav Myklebust vart brukt som dykkar for å henta opp plast frå elvebotnen.




Lars Haugland presiserer at det vart funne metallboksar og glasflasker i enga tett ved elva. Det kan stå om livet dersom kua får metallbitar og glasskår i magen.

Difor: Ikkje kast søppel og bos i naturen. Ta det med deg. Hald naturen rein !

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Møyfrid Kristoffersen/ Lars Haugland