
Rydd Uskedalen 2021
SIM har i mange år organisert ryddeaksjonar. Uskedalen har til tider vore med på dette. Strandrydding og elverydding er i høgste grad aktuelt, men også rydding i bustadfelt, i sentrum og langs fylkes- og kommunevegar. Alle som vil vera med på rydding, får utelt grøne sekker kostnadsfritt på nærast miljøsentral.
Dette er område som kan ryddast:
- Strender
- Bustadfelt
- Nærområde
- Turstiar
- Skogsstiar
I Uskedalen er elverydding sjølvsagt med på lista. Bondeplast er synleg og må ryddast, anten av grunneigar eller i regi av Bondelaget. Elveeigarlaget eller kvar grunneigar har ansvar for rydding i elvetraseen.
Forureinsinglova er klar på plassering av ansvar. Den som produserer avfallet, skal sjølv ta hand om det og evt. dekka kostnad med rydding og avfallshandtering. I reine ordelag tyder dette at bos langs vegen, er vegeigar sitt ansvar. Bos på privat grunn er grunneigar sitt ansvar. Skule og barnehage ryddar sine område. Grunneigarar i strandsona ryddar sine areal.

Dei som driv næring er pålagd rydding. Oppdrettsnæringa har mellom anna organisert rydding i strandsona rundt Skorpo.
SIM tek mot avfallet kostnadsfritt. Vi kjenner ikkje til om det vert utplassert kontainer i sentrum i år for mottak av grovare avfall.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal
Kjelde: SIM nytt 1/2021