Det var talane og den gode retorikken som sette sitt preg på Nasjonaldagen i år. Då tenkjer vi på Kjersti Brakestad Boge sin tale i kyrkja, Asle Reime sin tale for dagen og ikkje minst Ruth Maria Myklebust sin tale på Stemneplaseen før ho la ned blomar og minnest dei som var med i fridomskampen i Noreg 1940 – 1945. Diktet Ved Bautasteinen skrive av Olaf Agnar Gausvik og framført av elevar i 5. klasse er alltid like sterkt og og passande å få med seg på 17. mai. Med løyve har redaksjonen valt å leggja ut Ruth Maria sin tale. Dette gjer vi fordi talen var direkte og talande om ungdomen, samtida og framtida.

Med Hei, og velkommen til Stemneplassen i dag, eg vil begynna med å gratulera alle med dagen og ønskja alle ein strålande dag. Vi er samla her i dag for å feira at Noreg blei ein sjølvstendig nasjon, uavhengig av Sverige og Danmark som har styrt oss opp igjennom åra. Grunnlova var teken i bruk av riksforsamlinga på Eidsvoll den 16 mai 1814, og datert og undersskriven den 17 Mai 1814. Grunnlova betydde slutten på eineveldet og starten på utvikling av demokrati i Noreg. Grunnlova er altså grunnen til at vi feirar 17 mai, vi blei ein sjølvstendig stat. Den første folkevalte kongen i 1905 var Kong Håkon den sjuande, som var bestefaren til Kong Harald.

Alle ungane assosierer nok den 17 med vannballongar, leikar, og eta så mykje is ein klarar, slik var det i alle fall då eg var mindre. Vi unge feirar ikkje dagen lika tungt som dåke eldre, men vi veit litt om historien vi og. Vi forstår det med å kjempa for å bli sjølvstendig, og aldri gje seg. Skal du oppnå noko i livet må du utfordra deg sjølv og gå litt utanfor komfortsonen din. Skatten du leiter etter ligg i grotta du er redd for.

Ingen er like, men alle har sjangsen til å bli best, for i bunn og grunn er ein vinnar ein tapar som aldri ga opp. Viss du først har starta, kva er grunnen til å gje opp halvveis. Etter kvart innser du at det er reisa og korleis du har oppnådd målet som er kjekt å sjå tilbake på. Alle veit kva tittel du har vunne, men ingen veit kor mykje arbeid, slit og timar du har lagt ned.  Alle er vel kjende med å ha ein dårleg dag, og så tenkjer ein at det ikkje kan bli verre, men så finn ein raskt ut at det alltid har ein tendens til å bli det. Som eg likar å sei blir det alltid verre før det blir betre. Det eg vil få fram er at alle har sjangsen til å klara noko stort, berre at det er litt lettare for nokon. Viss du vil gje opp, husk kvifor du starta.

Eg trur ungdomar no har det vanskelegare enn dei som levde for 100 år sidan. Før gjekk alle godt i lag med alle, men no er det andre bollar. Det er mange krav og normer som er vanskelege å forhalda seg til. Du kan ikkje vera for snill for då veit folk at dei har deg som reserve, viss du snakke om problema dine er du plutseleg oppmerksomhetssjuk, og viss du ikkje baksnakkar andre, er du ikkje spennande nok å vera med. Alt dei vil er å passa inn og å bli godtatt av andre. Av den grunn endrar dei den dei er for andre, og blir til slutt ustabile. Du kan lura andre, men du kan ikkje lura deg sjølv i lengden.

Verda har utvikla seg til at dei mest eisame folka er dei snillaste

Dei tristaste menneska smiler klarast

Dei som har gått gjennom mest dritt, er dei visaste

Berre fordi dei ikkje vil sjå andre lida slik som dei gjorde

Det har sin pris å leva med hjarta utanfor kroppen.

No er Corona så å sei historie, men eg veit at det er mange arr igjen frå denne tøffe denne perioden. Skulen var kanskje den einaste plassen du snakka med nokon, hobbyen din var høgdepunktet med dagen. Alt du hadde planlagt blei sett på vent. Kanskje gjekk du glipp av første skuledag, eller så måtte du sitja i ein liten leilegheit med familien på 5 og gjera lekser kvar dag i fleire månadar. Pluss mange andre ting, men då vert lista fort alt for lang. Det viktigaste er at vi klarte å tilpassa oss og fann andre metodar og ting å gjera på. Heldigvis går vi mot betre tider no. Også i denne situasjonen har nokon hatt det mykje lettare enn andre. Verda har alltid vore urettferdig og kjem alltid til å vera slik, det er noko vi må klara å leva med.

Som dåke alle veit står Ukraina i ein ekstremt vond situasjon, med angrepa frå Russland. Dei gjer det dei kan for å kjempa for sin friheit, sjølv om dei ikkje er ein stor krigsnasjon. Putin trudde nok dette skulle bli mykje lettare enn det tilfellet er. Han såg nok for seg ein krig som skulle vera ferdig på nokre dagar. Du skal aldri undervurdera dei som kjemper for friheit, og ikkje har planar om å gi opp. Dei som kjemper for noko større enn seg sjølv og for at generasjonar som kjem etter dei skal ha det betre. For eksempel når USA angrep Vietnam under den kalde krigen. Vietnam kan ikkje samanliknast med USA, når det gjeld våpen teknologi, soldatar og erfaring, men likevel var det USA som måtte trekke seg ut av Vietnam. Det er heilt surrealistisk at Putin synest at krig er verdt at små barn ikkje lever lenge nok til å oppleva morgondagen, fedre som aldri får sjå familien sin igjen, og folk med krigsskadar som må snu det gamle livet sitt opp ned og leva med at dei fekk leva istadenfor kameratane sine resten av livet. Av alle orda her på jorda er det ingen av dei som kan definera Putin.

Eg vil avslutta med å sei at vi ikkje skal ta friheita for gitt. Vi er takknemlege for dei som kjempa for Noregs si friheit, og dei som tenkte på dei framtidige generasjonane som skulle bu i Noreg. Vi skal fortsetta å kjempa for friheit på vår måte slik som dei gjorde for oss. Vi rettar tankane våre mot dei som kjempar for friheit i Ukraina, for utan friheit er det mange begrensingar.

Takk for meg og gratulera med dagen alle saman.

Tekst: Ruth Maria Myklebust
Ingress/foto/nett: Kristin Bringedal