
Ruth Haukaas ( 95 ) frå Moss. Samla Myhreslekta på kafe i Uskedalen - med dansemusikk.
Ruth Haukaas ( f. Myhre ) frå Uskedalen, bur på Jeløy i Moss. Ho er den einaste attlevande av ein syksenflokk på åtte. Far hennar, Mikkel Johan, gjekk med HAUSTEN saman med Sverre Sunde. Ruth er levande interessert i alt som skjer i heimbygda Uskedalen. Ho er på Facebook og er inne på uskedalen.no kvar dag. Ho er informant til artikkelen om “Sverremann” og alle sydamene i årboka Uskedalen – den nære fortida. Denne helga er ho i Uskedalen og har samla 30 personar i Myhreslekta på kafe i Gamleskulen. Ikkje nok med det. Odd Martin Myhre og Hans Helge Hansen, som ho er tante til, rigga seg til med dansemusikk og slagarar frå 1970 talet og framover.

Uskedalen.no fekk snakka med Ruth Haukaas. Mannen, Arne Haukaas, var organist og musikklærar. Jobben gjorde at dei flytta mykje rundt i landet, alt frå Sentralkirken i Bergen, vidare til Flekkefjord, Volda, Bø i Telemark før dei enda opp i Moss. Arne køyrde motorsykkel. Ei ulukke førte til at han døydde for 25 år sidan. No bur Ruth i leileghet i Glassverket i Moss.
I Uskedal historielag si årbok les vi om Ruth då ho var på systova. Seinare fekk ho seg jobb på Kløverhuset som syerske. Strømpefabrikken vart så flytta til Samnanger. Ho valde å bli i Bergen der ho møtte Arne. Dei gifta seg i 1959.
Ruth Haukaas var i konfirmantkull med Trygve Haugland. Trygve og Ruth er dei to som framleis lever av dette kullet.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal