Rustne Menn var i går invitert til Biblioteket med musikalsk innslag til opning av arbeidet med ny bibliotekplan. Song og musikkgruppa gjekk inn og erstatta Veteranbandet, også frå Uskedalen, som fyrst var spurt om denne opninga. Rustne Menn framførte tre songar, ein av Bjørn Eidsvåg og to av Reidar Brendeland.

Etter innslaget var det innleiing av Golten frå Vestland bibliotek utvikling der ho fortalde om dagens bibliotek og samfunnsoppdraget i ei tid med mykje nettbruk, digitalsisering, kunstig intelligens, lesing og programskaping. Tilboda på biblioteket er til vanleg gratis og for alle.

Bibliotekloven frå 2014 ligg til grunn for lokale planar. Alt på samlinga i går kom det fram mange gode tankar og framlegg til prioriteringar i ny plan.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Kvinnherad bibliotek