Fredag for ei veke sidan var Svein Rimestad og Kristian Bringedal frå Rustne Menn i Bergen på konferansen: Korleis kan vi jobba med musikk som eit helsefremjande tiltak. Påmeldinga var i samarbeid med Uskedal helselag. Solid forsking og praksis syner at musikk, song, dans og rytme har positiv verknad på eldre si helse. Av mange tiltak som er prøvd, kjem musikk og rytme best ut med sine resultat. Det gjeld uansett, anten du er passiv brukar eller om du er meir kreativ og aktiv i prosessen. På konferansen vart det lagt fram tal frå forsking som syner korleis musikkterapi dempar angst og medisinbruk. Tiltak fører til auka livskvalitet. betre motorikk og ein meir meiingsfull kvardag.

Konferansen var i Vestlandssalen i det nye administrasjonsbygget til Vestland fylkeskommune.

Fleire kommunar la fram erfaring og praksis. Mellom dei var Kinn kommune som har ei rekkje tilbod, alt frå kor, korkafe, allsong for heimebuande til musikkterapi på skjerma avdeling.

Øygarden kommune har tilbod på seks institusjonar i tillegg til allsong og musikalske treffpunkt. Målet er å leggja til rette for kulturdeltaking på individnivå og i grupper for å skapa meistring og engasjement. Øygarden kan også syna til gode resultat og framsteg i arbeidet.

På neste medlemsmøte i Uskedal helselag er Rustne Menn invitert. Ei drøfting vil syna om det er grunnlag for å tenkja tiltak i Uskedalen.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal