I morgon, søndag, kjem ungdommane som er russ ved Kvihherad vidaregåande skule dette året, til å gå frå dør til dør for å samla inn pengar til arbeidet mot kreft med spreiing. Russepresident Håvard Bruvik fortel til uskedalen.no at det blir ei kontantfri innsamling. I staden for bøsse blir det brukt vippsenummer som er 451023.
Denne innsamlinga blir også avslutning på aksjonsveka som russen har hatt for kreftsaka heile veke 10. Bruvik fortel at turopplegget til Ådnaklett, Kaldestadåsen og Skjethaug har vore svært vellukka. Mange har delteke på det, og han seier at bøkene for registrering på desse turmåla blir tekne ned i løpet av søndagen.

No håpar vi at ungdommane får ein kanonavslutning på den viktige aksjonsveka si med dør til dør-aksjonen søndag!

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Russen