Etter at det var pause forrige torsdag var det full fart på rulleskitreninga igjen i går. Treninga er frå kl.18 kvar torsdag. Per Korsvold fortel at det er lagt opp til tre treningsgrupper frå 1.klasse og oppover, og frammøtet er godt med 15-20 kvar gong. Men det er plass til fleire, seier Korsvold og legg til at idrettslaget har rulleski og stavar til utlån. Barna bør ha sko sjølv, og alle ha hjelm og refleksvest. Det er og lurt å bruka hanskar. På bildet over ser vi ein del av den flotte gjengen samla på treninga i går.

Per Korsvold fortel at deltakarane i hovudsak er delt inn etter alder i tre grupper, – 1.-3.klasse, 4. -7.klasse og så ei gruppe for dei som er eldre. Det kan gjerast unntak viss det er nokon som har lite eller mykje øving i forhold til aldersgruppa dei tilhøyrer.
– Vi har sett grensa med 1.klasse, men kan ta inn enkelte under det, men det krevst litt ekstra så då er det fint om foreldra tar kontakt med oss på førehand, fortel Per og opnar opp for yngre i samarbeid med foreldra.

Han fortel vidare at dei har fokus på meistring og leik, og så kjem ferdighetene etter kvart. For dei yngste blir det såleis som ein “ski-leik” framfor skitrening, og dei har det gøy gjennom denne leikeforma.

Det er 6 trenarar som syt for den tilpassa aktiviteten. Per Korsvold saman med Chris Fossli og Gina H. og Stig Berge-Soldal er trenarar for dei to yngste gruppene medan Kari Bråtun og Pål Haugland leiar treningane for den eldste gruppa. Han understrekar og at dei har god hjelp av foreldre som hjelper til.
Viss ein vil koma i god skiform til snøen kjem, er det altså lurt å stilla på treningane kvar torsdag kl.18.

Tekst: Per Korsvold/Thor Inge Døssland
Foto: Per Korsvold
Nett: Thor Inge Døssland