Røysterett for Alle til Eidfjord på kortreff i helga.
Røysterett for Alle er eit av åtte kor som vert med på Kortreff i Eidfjord i helga. Saman med Husnes Blandakor syng dei både på konsert i Eidfjord samfunnshus og i Eidfjord kyrkje. Men før det er Røysterett med på det som vert kalla Singers Corner. Framføringa er ved Coop butikken i sentrum. Hordaland Korforbund er arrangør. Eit tilsvarande kortreff vart skipa til i Rosendal laurdag for ei veke sidan. Dei siste ti åra har Korforbundet valt å ha mindre korsamlingar lagt til ulike bygder i fylket. Det som før var songarstemne vert no kalla kortreff. Kora bur på Vøringfoss hotell der det også er songarmiddag laurdag kveld. Kora frå Kvinnherad har avreise laurdag morgon og retur sundag etter frukost.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto