Røysterett for Alle til Åkra med førsjulskonsert, komande torsdag.
Komande torsdag 21.nov reiser Røysterett for Alle til Åkra og har førjulskonsert i kyrkja. Konserten tek til kl 20. Koret har med songarar frå Husnes Blandakor. Det er ei god støtte. Samarbeidet med Blandakoret har vore vellukka. Kora har hatt korarrangement og seminar i lag. Dersom det høver, går medlemene på kvar sine øvingar.
Styreleiar i Røysterett for Alle, Sylvi Hjelmeland, fortel at det er ei god støtte når det er tynt i rekkene på dei ulike stemmene. Dessutan er det meir inspirerande for dirigenten med eit større kor.
I Åkra vil kora framføra sitt program i to avdelingar.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto