Røysterett for Alle startar øvingane i morgon, torsdag 26. august kl. 19.00 i Helgheim.
Etter snart eit års pause startar Røysterett for Alle ny sesong med frammøte til fyrste øving i morgon, torsdag 26. august kl. 19.00 i Helgheim. Styret tek omsyn til Covid 19 situasjonen ved å dela koret i to grupper på tvers av stemmene. Øvingane framover vert difor kl. 19.00 og kl. 20.25. Styreleiar Lars Henrik Skogtun helsar nye medlemer velkomne. Nye songarar møter kl. 19.00.
Maria Malmsten er musikalsk leiar, ei oppgåve ho har hatt sidan 2006. Ingen dirigent før henne kan syna til så lang tenestetid i Røysterett for Alle. Maria er songpedagog og har lang erfaring som musikalsk leiar i ulike kor og songgrupper. Ho er også dirigent for Husnes Blandakor, noko som gjer det praktisk med eit musikalsk samarbeid på tvers av bygdegrensene. I tillegg er leiar for vokalensemblet GLIMRAH. Maria er dramalærar i Kvinnherad kulturskule.
Røysterett for Alle, medlem i Korforbundet, rettar seg etter nasjonale retningsliner for kordrift i ei tid med pandemi. Det gjeld både på øvingar og ved framføring. På repetoaret står mellom anna nytt stoff. Noko av dette er songar ein nett var bygja på ved nedstenging i fjor haust.
Røysterett for Alle har eit medlemstal på heile 30 personar.
Tekst/ nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto