Røysterett for Alle og GLIMRAH skal vera med på konserten Danse mot vår - sundag kl. 17 på Husnes.
Høyåker Musikkorps inviterer til stor musikalsk mønstring i helga, konserten dei har kalla Danse mot vår. Røysterett for Alle og vokalensemblet GLIMRAH er med i framføringa, med eigne innslag og saman med andre. Det ligg mykje arbeid bak framføringa. På laurdag møter alle til finøving og generalprøve. Arne Torget er konfransier. Vertskorpset stiller med Rune Eikemo på vokal. Husnes skulekorps, Husnes musikklag og B-gjengen og også med på konserten.
Maria Malmsten, musikalsk leiar, fortel til uskedalen.no at Røystrett syng musikk som hyllar våren, slik som Vårsøg, Now is The month of mayin i tillegg til to fellesnummer saman med 4 korps, GLIMRAH og Husnes Blandakor.
GLIMRAH syng 2 komposisjoner av Kjersti Follesø, Vårfuglane og Is-soleia med tekst av Olav H. Hauge. Maria er dirigent/ kunstnarleg leiar for alle 3 kora/ ensemblene.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Plakaten/ arkivfoto