
Røysterett for Alle i sentral rolle i framsyninga Japan - eit eventyr, laurdag kl. 16.30 Kulturhuset Husnes.
Røysterett for Alle saman med Husnes Blandakor har ein sentral rolle i framsyninga Japan – eit eventyr, komande laurdag, kl. 16.30 Kulturhuset Husnes. Dei går inn i rollen som statistar, men også med korsong, på japansk. Inger Naterstad frå Uskedalen har vore med på tilskjering og sying av det som skal vera ei elv. Inger er leiar i Husflidslaget og er med som frivillig i førebuinga til den store produksjonen.
Framsyninga med hundre aktørar har tittelen Japan – eit eventyr med Momotaro, Ferskenguten. Det er eit show i musikk og drama for heile familien. Husnes Musikklag er arrangør. I tilegg til musikklaget finn vi desse artistane: Husens Karateklubb, Husnes Blandakor, Røysterett for Alle, Kammerskoret, Hjødis Østerbø, Brynjulf Lie, Maria Malmsten, Ingvild Toskedal, Yuko Shuto, skodespelarar og dansarar frå Kvinnherad kulturskule.
Gjesteartist frå Japan: Fugaku Watanabe
Regi og manus: Øystein Kloster. Produsent og konsept: Clive Anderson. Ei rekkje personar har sentrale roller i framsyninga.
Det er lagt opp til ei framsyning. Billettar: kr. 200/ 50 ( born ) kan kjøpast på kulturhusethusnes.no
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Illustrasjon henta frå Husnes musikklag FB