Røysterett for Alle hadde årsmøte 26. januar. Leiar vart Jarle Fossheim (attval), og med seg i styret har han Venke Vetrhus, Oddveig Blomdal, Bente Elin Nævdal og Arne Myklebust – vara Brit Helen Hauan. Plan for våren har kome på plass. Det er ikkje mange øvingane att før me startar med ein korkafé i Helgheim 30. mars. 23. april deltek me på ein konsert på Husnes, arrangert av Høyåker (Høylandsbygd og Utåker) musikklag, der også Husnes Blandakor vert med. 5.-6. mai dreg me på kortreff i Eidfjord, og 17. mai vert som vanleg ein travel dag. I løpet av mars kjem me til å avvikla eit lotteri med sal frå loddloddbøker med skikkeleg fine gevinstar. Nærare detaljar vil verta gjeve på Facebook, og kormedlemer kan kontaktast for kjøp av lodd. Bilete på topp syner styret. Oddveig Blomdal var ikkje med då bilete vart teke.


Over sumaren (14.-17. september) ser me fram til ein tur til Færøyane, der me møter lokale kor, og syng i nokre av dei fine kyrkjene som finst rundt om på øyane. Dette vert nok ei stor oppleving, særleg for dei mange av oss som aldri har vore der før.

Saman med Husnes Blandakor har me planar om å ta opp att Mariamusik (sist avvikla i 2009), eit stort korverk av Anders Öhrwall, basert på eldre Maria-tekstar og -viser frå Sverike, England, Tyskland og Frankrike. Det går ord om at musikarar står i kø for å få vera med og akkompagnera, så det er berre å gle seg!

Tekst/foto: Svein Rimestad
Nett: Kristian Bringedal