Då Phakapun Intagaew på Thaivogna kom på jobb i dag kl 08.00, oppdaga ho at ein rosebusk var riven opp og fjerna. Det er fyrste gongen dette skjer. Innehavar av Thaivogna legg mykje arbeid ned å halda uteområde fint med mange planter. Hendinga fekk ei god løysing. Rosebusken var kasta og låg i vegkanten ved Grano. Rosetreet er planta på nytt. Ein utebenk var tjuvlånt og flytta. Hendinga i natt må sjåast på som noko som vart gjort i tankeløysa og ikkje vil gjenta seg.

Rosekrukka var tom då Phakupun kom på jobb i dag.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal