Etter tur i Pålavegen i dag var eg nett kommen til bilen då unge syklistar kom på rekkje og rad ned dalen. Alle sykla fint på ei rekkje på høgre side, og dei tok omsyn til annan trafikk. Hjelmen var sjølvsagt på plass hos alle. Eg syntes det var flott å vera vitne til den respekten som dei viste for trygg og ansvarsfull trafikkferdsel. Ekstra imponert blei eg då eg kom ned til “Larsane”. Då kom det to store bubilar pluss ein personbil på rekkje opp dalen. Eg kjørte til side ved det nye fjøsbygget, lengre framme såg eg at ein god gjeng på 8-10 syklistar hadde stoppa og trekt seg godt til side i avkjørsla til Torunn Kjærland. Ikkje nok med det! Då bilane opp dalen hadde passert, stod dei framleis. Dei såg at eg stod ca. 100 meter lengre oppe, og dei venta på at eg skulle passera. Dei hadde god oversikt! Då eg kjørte forbi dei, prøvde eg å visa ein velfortent “tommel opp”. Eg håpar dei såg det! Det var så fortent!!! Andre har registrert at dei stoppa og gjekk av syklane fleire gonger, både på opp og ned, for å gjera det enklare andre trafikantar. Glimrande!! (Dessverre var eg litt treg på avtrekkjaren og fekk ikkje bilde av situasjonen, men eg fekk bilde av tre av dei flinke syklistane då dei var komne på gang- og sykkelvegen mot Korsnes.)

Syklistane var elevar frå 5., 6. og 7. klasse ved Uskedal skule. Dei hadde hatt skuledagen ved Fjellandsbøvatnet. Der var også 1. – 4. klasse, men dei blei skyssa med buss.

I området rundt Fjellandsbøvatnet hadde elevane eit kjekt og lærerikt program. Først var det natursti med 15 oppgåvepostar til Leiteshaugane. Deretter var det stasjonar med ulike aktivitetspostar som pilkast på ballong, ball i bøtta og mykje anna kjekt. I tillegg var det grilling. Ein flott og nyttig skuledag i fine omgjevnader i strålande haustver.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland