Kvinnherad kommune ved Park- og grøntavdelinga skal ha mykje ros for korleis dei ryddar og steller i blomebeddet ved busslomma. Helge Naterstad er gartneren og han legg mykje arbeid ned i å halda område fint. Uskedalen.no har snakka med verksemdleiaren, Terje Natland, om ansvar og drift.

Det har til tider vore planter med stor høgde i beddet, noko som har ført til redusert sikt ved utkøyring frå busslomma og skulen. Difor hadde ein to val: Anten ta bort blomebeddet og la arealet bli plen eller redusera høgda. Natland fortel at ein valde det siste. Plantene er klypte ned og sikten er tilfredsstillande.

Kommunen eig også arealet ved Gamleskulen. Her er det plen og Uskedal Utvikling slår og har tilsynet med det som er av beplanting. Med dette må ein kunna sei at sentrum og arealet lang fylkesvegen er fint rydda og stelt. Mykje kan bli betre, men det er det ein maktar og har ressursar til.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal