På vel eit døger er mykje av snøen borte, iallefall på vegane. Stor takk til brøytemannskapa som i heile perioden har utført ein kjempejobb. Før mildveret og tininga sette inn var dei på vegen, skrapa og fekk snøen ut av vegbana. Dermed slapp ein is og glatte vegar. I Uskedalen snakkar vi om brøyting på fylkeskommunal veg, kommunal veg og på privat veg. Til dette høyrer også mellom anna brøyting til skule/barnehage, til kyrkja, ved SPAR, båthamna, camping, Auto 88, Kvinnherad Vekstbedrift og til andre verksemder. Bilete på topp syner kommunal brøyting som vert gjort av Musland Maskin.

Stian Haugland frå Haugland Maskin har brukt mange timar på brøyting den siste vekene. Mat og drikke må vera med i traktorhytta.
  • Fylkeskommunal veg er vegen gjennom sentrum og vegen på Døsslandsido og mot Musland. MESTA brøyter sjølv ved innleige av underentreprenør. I går køyrte brøytebil og traktor fram og tilbake frå Steinsletto til Korsnes og gjorte sitt til at vegen er fri for snø og is i dag.
  • Kommunal veg på Kjærlandssido, Eikevegen, øvst i dalen fram til Fjellandsbø, til skule, barnehage og kyrkja og kommunale bustadfelt. Musland Maskin har avtale om brøyting. Brøytinga er utført på ein framifrå måte, noko som har ført til gode vegar kort tid etter veromslaget.
  • Haugand Maskin har avtale med mange om privat brøyting. Stian Haugland fortel at ein normal brøyterunde tek 7 – 8 timar. Det tek litt tid å koma rundt til alle, men i dag ser det bra ut. Nokre snøhaugar ligg enno i vegkantane, men dei vil tina fort.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal