Dagens ros går til Kristin Lamberg og Trygve Torjusen ved Rosendal samfunnshus. Makan til gjestfridom skal ein leite lenge etter. Ikkje berre opnar dei storstova for våre ulike arrangement, dei stiller dessutan opp til alle døgnets tider, om det er naudsynt. Dei er alltid hjelpsame, positive og imøtekomande.

Tusen takk for at de er så gode vertar for samfunnshuset vårt, med ein særskilt takk for all hjelp og støtte i samband med besøket av Helsesista onsdag 16. oktober. Med dykkar hjelp, gjekk begge arrangementa knirkefritt, både føredraget for ungdomskuleelevar frå Rosendal og Hatlestrand ungdomsskule på dagtid, og likeins for foreldre frå 5. – 10. trinn på kvelden.

Rosendal helselag, Uskedal helselag og Romsleg.

Tekst: Pressemelding
Nett: Kristian Bringedal