RONJA VEST - ein av dei største brønnbåtane i Noreg ligg til kai på Børneset.
Brønnbåten RONJA VEST må vera ein av Noregs største i sitt slag. Det knappe 5000 bruttotonn store skipet ligg til kai på Børneskaien for service og oppgradering. Lokale firma har hatt jobben ombord.. RONJA VEST, bygd i 2021 for reiarlaget Sølvtrans, er ein av fire brønnbåtar med det beste utstyret ombord for å ivareta det som går på fiskehelse. Skroget er bygd i Tyrkia, ved verftet Hat-San. Myklebust Verft står for utrustning og ferdigstilling. RONJA VEST er det fyrste av fire nybygg til Sølvtrans. Bygg 1. 2 og 3 har ei lengde på 87 meter og breidde 18 meter. Det siste skipet i rekkja vil ha lengde på over 90 meter og tonnasje på over 5000 bruttotonn.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal