Juledagane og romjula var tida for julefestar og juleselskap. Uskedalen.no har bedd Bjørgulv Eik ( 89 år ) fortelja om korleis han minnest desse dagane frå sin oppvekst.

1. juledag: Slekta frå Kjærland og Sanden kom til Eik i juleselskap

2. juledag: Julefest i Bedehuset – Fråhaldslaget sin julefest

3. juledag: Skulen sin barnefest i Helgheim ( tidelgare Bedehuset )

4. juledag: Vonheim – til vanleg gjekk ein ikkje på den utan at ein hadde slekt på Haugland og Musland

5. juledag: Ungdomslaget sin store julefest i Helgheim

1. nyårsdag: Juleselskap på Kjærland. Det var fødeselsdagen til Sigvald, bror til Bjørgulv. Dessutan hadde Synniva og Sigvald Eik brudlaupsdag på nyårsafta. Dersom det var snø, minnest Bjørgulv at familien brukte hest og kane. Dei hadde bjøller på hesten.

1. nyårsdag – Indremisjonen sin julefest i Bedehuset

I tillegg var ein alltid i juleselskap på Sanden der syster til Bjørgulv, Einfrid, hadde sin familie.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Privat