Røde Kors si taugruppe hadde øving på Haugland i denne veka.
Taugruppa i Kvinnherad Røde Kors hadde lagt øvinga si til Uskedalen I går, tysdag 21. mai. Målet var å laga taubane over elv og frakta båre, pasient og redningsmann over elva. Ann Lisbeth Ljosnes Moen var med på øvinga. Ho fortel til uskedalen.no at det var ei god og lærerik øving. Medlemer frå taugruppa i Kinsarvik Røde Kors Hjelpekorps tok den lange turen for å vera med. Dei fem deltakarane fekk prøva seg i korleis det kan vera når ulukka er ute og ein må henta og få ein person på båre over ei elv. Øvingsplassen var i skogen ovom parkeringsplassen ved avkøyring til Kalkstasjonen.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Hans Bertin Hjortland/ Ann Lisbeth Ljosnes Moen