I juni 2005 kunne Svein A. Vårdal og Geir Yven stolte presentera 40-års rockehistorie i ei utstilling på biblioteket på Husnes. Dei hadde samla effektar og anna dokumentasjon frå denne perioden, og hadde funne fram til 87 ulike band og 150 artistar med tilknytning til Kvinnherad.
Planen med utstillinga var at materialet skulle enda opp i ei bok. Men om
bokidéen kunne la seg gjennomføra, var dei derimot ikkje sikre på. «Det blir i alle fall ikkje denne veka», sa Geir Yven spøkefullt den gongen.Men no er tida endeleg komen!

Boka Rock- og popband i Kvinnherad gjennom 60 år er 280 sider og omhandlr meir enn 180 band.

Tjue år seinare er boka klar, med omtale av nær 200 band og enkeltartistar, og med over 400 bandmedlemer. Det var Lars Jostein Rørvik som for eit par år sidan fekk ideen til å dokumentera den store aktiviteten som har vore innan ulike musikksjangrar i kommunen vår.


Kristian Hus i Skimtvis forlag tende òg på ideen, og no presenterer vi
resultatet av meir enn to års arbeid.Arbeidsfordelinga i prosjektet har stort
sett vore at Rørvik har skrive eller samla inn tekstar og bilde. Hus har
språkvaska stoffet og utført andre redaksjonelle oppgåver, medan Kristen
Børje Hus i Multipleks design har stått for den grafiske formgjevinga. Lokale artistar har stilt velviljug opp, bidrege med bilde og fortalt historiar frå musikklivet.

Mange hendingar ligg langt tilbake i tid, og då kan noko lett gå i gløymeboka. Då er dei digitale utgåvene av lokalavisene gode å ha. Gjennom annonsar, referat frå ulike arrangement og intervju med artistane, har vi prøvd å laga omtale av alle band og soloartistar så nær realitetane som mogleg. Vi vil retta ei stor takk til alle som har bidrege med bilde. Utanom Rockeklubben og artistane sjølve, nemner vi spesielt Jonn Karl Sætre, Carina Wangensten og Jorunn Larsen.

For meir informasjon: Lars Jostein Rørvik på tlf. 479 09 766 og Kristian Hus, tlf. 995 20 864

Uskedalen.no kjem tilbake med omtale av boka. Den mest sentrale personen frå Uskedalen i boka er bassisten Jan Gjertsen. Han går igjen som musikar i fleire band. Tore Sergei Myklebust er også med i boka.

Tekst: Pressemelding
Foto/nett: Kristian Bringedal