Uskedalen sokn er fyrst ute med robotklyppar på kyrkjegarden. Robotklypparen er sett i drift på den gamle delen av kyrkjegarden. Klypparen er levert av Felleskjøpet Rogaland Agder, avd. på Seimsfoss. Uskedalen ligg sentralt del i kommunen for bruk robot i eit forsøk for å sjå korleis den fungerer. Tilsette på kyrkjekontoret køyrder ofte forbi og kan såleis lett stikka nedom for tilsyn og korrigering.

Robotklyppasren snur og vender og tek seg fram mellom gravsteinane.

Uskedalen.no fekk møta gravplassarbeidet Trond Inge Kvandal i dag. Han fortel:

  • Maks kapasitet er fem dekar. Den eldste delen av kyrkjegarden i Uskedalen er om lag fire dekar.
  • Med ei app kan Trond Inge på telefonen fjernstyra roboten anten det gjeld lading, klyppehøgde og andre funksjonar.
  • Klypparen er programmert slik at den ikkje kjem borti planter ved gravminne.
  • Ingen treng vera redd for roboten. Kamera påmontert gjer at klypparen stoppar dersom den møter på personar som dømes ryddar eller plantar.
  • Klyparen går i rette liner der det ligg til rette for det. Elles snur og vender roboten mellom alle gravsteinane.
  • Mykje av gravplassen har rette former, men den er også programmert for å klyppa der lende har ei boga form i sving.
  • Roboten er GPS styrt. Det er såleis ingen streng i bakken.

Det er enno litt usikkert korleis klypparen vil fungera i vått ver, særleg i dei høve der graset klabbar seg under maskinen. Difor er det truleg viktig at det ikkje ligg gamalt gras i køyrebanen.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal