Robert Smidt-Hald med band i Dønhaugkjedlaren - fredag 9. september.
Velkommen til akustisk kveld med Americana-musikk i høgsetet i Dønhaugkjedlaren fredag 09.september, klokka 21.00. Robert Smith-Hald har med seg strengemesterane Vegard Henanger og Erik Rolland, som seg imellom spelar det meste med strengar på. Erik er også kjent frå Mighty Magnolias, Rolland Rock, og er ein utruleg dyktig gitarist og songar. Dei spelar Robert sine låtar akustisk, samt nytolkninger av kjente og kjære Americana-klassikere. Dei speler også eit knippe nye låtar frå Roberts komande studio-album, «Amber Road”. Velkomen til ein hyggeleg akustisk Americana-kveld i Dønhaugkjedlaren.
Tekst/foto: Pressemelding Nett: Kristian Bringedal