Rimelege festivalpass til Festidalen 2022 fram til midnatt nyårsafta.
Festivalleiinga for Festidalen melder at salget av billettar til Festidalen 2022 (24. – 26.juni 2022) går så det susar. Det er lett å forstå når vi ser på artistane som er sleppt til no. Madrugada, Gabrielle, Kjartan Lauritzen og Torgeir Waldemar er allereie sleppt og skal opptre for publikum på Dønhaugjordet denne sommaren. Daidalos og resten av Festidalengjengen har også fleire ess i ermet som vil blei sleppt med det første!
Fram til midnatt nyårsafta er der framleis mogeleg å skaffa seg festivalpass til ein fin pris. Earlybird festivalpass for vaksne kostar 1100,-kr og for ungdom(13-17 år) kostar 700,-kr.
Frå vi går inn i 2022 stig prisane til 1350,-kr og 900,-kr.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland Arkivfoto: Marius Mathisen