Rigginga er i full gang - hesjedugnad i kveld kl. 18.00.
Rigginga til Festidalen er i full gang. Dugnadsgruppa var på¨plass i dag og rigga barområde og sluseinngangane. Det er gjort mange forbetringar i år som skal letta det frivillige arbeidet. Alle kablar, både straum og vatn, er lagt i jord fram til mange punkt på heile festivalområde. Ein slepp bruka paller som golv i barteltet. Område er planert og grusa.
Eit nytt sidertelt er på plass. Ein kontainer skal nyttast som lager både under festivalen og på vinteren. Her vil ein lagra og ta vare på viktig utstyr på ein trygg og sikker måte. Hovudscenen er på veg til Uskedalen i dag. Traktoren som eit blikfang er pungtert, men skal likevel plasserast på jorde. Hesjedugnaden i kveld kl. 18.00 går etter oppsett plan. Ver velkomne.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal