Tidlegare i dag hadde vi ei sak om ei kvit revebjølle ved Pålavegen. Ståle Eik er svært planteinteressert, og han fortel at han ofte har sett den kvite varianten av revebjølle, men i fjor dukka det opp ein heilt ny fargevariant som de ser på bildet over. Han har sett etter om den skulle komma igjen i år og, men finn berre vanlege.
Dersom den stammar frå hage er den berre toårig i følge fagkunnige.

Ståle har ikkje noko sikker formeining om dei ulike fargevariantane, men han har tenkt at det har kome av ei form for mangel av fargestoff(albino).

Fine for auga er i alle fall alle dei tre fargevariantane.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Ståle Eik