Like ovanfor grinda i Pålavegen er det ein del revebjøller (Digitales purpurea) i høgre vegkanten. Dei aller fleste har pupurraude blomar slik revebjøllene som lever i naturen har, men blant dei er det ei som skil seg ut. Den står også litt åleine. Den har kvite blomar, og ein observant turgåar la merke til dette.
Til hagar får vi kjøpt frø til revebjøller med ulike fargar. Vår plantefaglege konsulent seier at vill revebjølle med kvite blomstrar førekjem så godt som aldri ute i naturen. Derfor stammar truleg den kvite revebjølla ved Pålavegen frå ein hage. Kva meiner lesarane? (uskedalen.no@gmail.com)

Som svært mange giftplanter vart revebjølle tidleg brukt medisinsk. Blada vart lagt på sår på liknande måte som groblad. I folkemedisinen kjende dei òg til at planten kunne nyttast mot hjartesjukdom. Men dette har alltid vore ein risikosport. Dei er svært giftige og dødelege. Du et ikkje mange blad frå revebjølle før det vert ditt siste måltid.
Dei verksame stoffa frå blada til revebjølla er derimot mykje nytta i moderne vitskapleg hjartemedisin.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland